Den Nye Bensin- og Dieselkaien i Norheimsund er Godkjent og Kjem Snart

Geirmund Written by 

(0 votes)
Frå dugnadsgjengen si synfaring på verftet på Tysnes, 16.06.2020. Frå venstre: Stein Pedersen, Svein Kåre Olsen, Britt Jorunn Stranden, Arne Jostein Jensen, Eivind Tysse, Svein Petter Bårdsgjære, polsk bas for betongarbeidet og Geirmund Storaas. Støypeforma i bakgrunnen. Frå dugnadsgjengen si synfaring på verftet på Tysnes, 16.06.2020. Frå venstre: Stein Pedersen, Svein Kåre Olsen, Britt Jorunn Stranden, Arne Jostein Jensen, Eivind Tysse, Svein Petter Bårdsgjære, polsk bas for betongarbeidet og Geirmund Storaas. Støypeforma i bakgrunnen. www.noport.no

 

Norheimsund Hamneutvikling SA har sidan våren 2019 arbeidd for å få bensinfylling til båt i Norheimsund. (Sjå https://mailchi.mp/797842db6283/noport-bensin-2 for presentasjon). Styret hadde vona å få kaien på plass i juni 2020. Men sjølv om kaien vart ferdig støypt, og tanken på plass (sjå biletgalleri under frå synfaring på Tysnes), stogga det opp denne Korona-sommaren fordi pumpa var av gresk fabrikat med deler frå Italia...

Me vart utan bensinfylling i sommar, men fordelen var at byggjeløyvet kom på plass før kaien kom til Norheimsund.

No er alt klart: Bensinpumpa står på lager i Askim, hovudtavle elektrisk er komen til Norheimsund, betongflytekaien og tanken står på land på Tysnes. 

Neste veke vil arbeidet med sjøsetjing og montering av tanken starta. Mobilkranen klarar ikkje å sjøsetja betongflytekai med tanken inni slik at tanken må setjast ned i kaien etter at kaien er komen på sjøen. Når alt er klart, vil slepet frå Nedrevåge  på Tysnes til Norheimsund starta.

Kaien, som har eit deplasement på 100 tonn fullt lasta, skal fortøyast i Norheimsund med 4 stk 5-tonns betonglodd og kjetting samt landfeste.

Forventa fortøying i Norheimsund fyrste veka i september.

Kaien er finansiert med eigenkapital og bankån. Det er kome inn om lag kr 130.000 i 1000-kroners partar i samband med "Bota Oil".

Send ein e-post til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. og skriv at du vil vera med, so sender me faktura på kr 1.000.

Dei fleste har bidrege med tusen kroner og ikkje meir.

Kvar tusenlapp som kjem inn, reduserer bankgjelda og forenklar drifta.

Norheimsund, 15.08.2020

Norheimsund Hamneutvikling SA

Geirmund Storaas
styreleiar

Tømmermann Svein Petter Bårdsgjære med hovudtavla til oljekaien "Bota Oil" i posisjonen der landgangen skal gå ut.